Fredrik III av Danmark-Noreg
Fredrik III | |||
| |||
Konge av Danmark og Noreg | |||
Regjeringstid | 1648–1670 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. mars 1609 | ||
Fødestad | Haderslev | ||
Død | 9. februar 1670 | ||
Dødsstad | Københavns slott, København | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Gift med | Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg | ||
Dynasti | Fyrstehuset Oldenburg | ||
Motto | «Herren vil være mit forsyn» | ||
Far | Kristian IV av Danmark-Noreg | ||
Mor | Anna Kathrine av Brandenburg | ||
Born | Prins Jørgen, Kristian V av Danmark-Noreg, Anna Sophie av Danmark, Frederikke Amalie, Vilhelmine Ernestine, Ulrika Eleonora av Danmark, Ulrik Fredrik Gyldenløve, Frederik Oldenburg, Dorothea Oldenburg |
Fredrik III (18. mars 1609–9. februar 1670) var ein dansk-norsk konge av Oldenborgslekta.[1] Han innførte den kongelege arveretten – einevelde – i Danmark-Noreg og gjorde len om til amt.
Fredrik var den nest eldste sonen til Kristian IV av Danmark-Noreg og Anna Kathrine og fødd på Haderslevhus. Den eldre broren Kristian døydde i 1647, og den nye tronfølgjaren Fredrik tok over trona etter far sin året etter.
Fredrik hadde gifta seg med den femtenårige prinsessa Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg i 1643. Dei fekk åtte barn saman, fem jenter og tre gutar. Kongen og dronninga vitja Noreg i august 1648, der han blei formelt hylla og saluttert med 3 000 kanonskudd.[2]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]I 1621 blei Frederik koadjutor i Bremen stift og året etter administrator i nabostiftet Verden an der Aller. I 1624 blei han folkevalt administrator i Halberstadt.[3]I 1624 drog han heim att til Danmark for å studere på det Ridderlige Akademi i Sorø, kor han fekk ei god utdanning innanfor teologi, naturvitskap, oldtidskunnskap og statsrett. Han vart òg på ei studiereise i Frankrike. I 1635 vart han sett inn som biskop av Bremen og vald til fyrstbiskop av Verden same år.
Innanrikspolitikk
[endre | endre wikiteksten]Då Fredrik III skreiv under på handfestinga under kroninga i 1648, var dette den strengaste så langt i dansk historie, og ho utvida makta til Riksrådet.[4] Dette passa visst den nye kongen bra, for han trekte seg tilbake og overlet det meste av styringa til Riksrådet og embetsmenna. Men då rådet på den eine sida og to stormenn, Hannibal Sehested og kongen sin svoger Corfitz Ulfeldt rauk saman i maktkamp, tok kongen rådet si side. Ulfeldt blei dømd til døden in absentia for landsforræderi, medan kona hans og søstera til kongen, Leonora Christina, sat fengsla i Blåtårn i 22 år som medskuldig.
Krig og avmakt
[endre | endre wikiteksten]Utanrikspolitisk tok Fredrik opp att faren sin kamp om herredømet i Austersjøen. Han gjekk til krig mot Sverige i 1657, medan Karl X Gustav sin hær var oppteken i Polen og Brandenburg. Dessverre mangla han ein slagkraftig dansk hær og gode alliansar med andre land. Den svenske hæren på 6000 ryttarar og 2500 fotfolk marsjerte frå Polen til Jylland, der dei tok festninga Frederiksodde. Den danske marinen hindra dei i å kryssa Lillebælt i tre månader, men så kom dei svenske styrkane seg over isen til Fyn, og gjekk vidare over Storebælt etter nokre få dagar. Det danske forsvaret braut saman, og Fredrik III måtte kapitulera.
Ved Freden i Roskilde i februar 1658 avstod Danmark-Noreg Skåne (med Bornholm), Halland, Blekinge, Bohus len og Trondhjem len til arvefienden. Trass i avtalen rykte Karl Gustav fram med hæren og kringsette København. Kong Fredrik blei oppfordra til å flykta, men blei populær blant folket då han føretrekte å «dø i sitt rede». Den omleirande hæren måtte til slutt gje opp, og etter at kong Karl døydde i 1660 blei det fred mellom landa igjen. Roskilde-avtalen tredde i kraft, med unntak av Trondhjem len, som kom tilbake til Noreg, og Bornholm, som var blitt uavhengig frå Sverige og no ville bli den danske kongen sin eigedom.
Einevelde
[endre | endre wikiteksten]På stendermøtet i 1660 brukte Fredrik populariteten sin, og usemja mellom adelen på ei side og dei geistlege og borgarlege på den andre, og fekk innført arverett på trona i staden for handfesting, og einevelde. Den 18. oktober same år avla stenderrepresentantane eid til den nykåra arvekongen framfor Københavns slott. I Noreg gjekk arvehyllinga føre seg i Kristiania året etter med kronprinsen, den seinare Kristian V til stades, kongen sjølv var ikkje med.[5]
Peder Schumacher, seinare adla som Griffenfeld, utarbeidde Kongeloven i samarbeid med kongen. Dette er den einaste nedskrivne eineveldsgrunnlova i verda og fastslo den uinnskrenka makta til kongen. Den nye Kongeloven omtalar kongen som «det ypperste og Højeste Hoved her på Jorden over alle menneskelige Love». Fredrik III skreiv under Kongeloven 14. november 1665.[4]
Kultur og vitskap
[endre | endre wikiteksten]Fredrik var òg ein kulturell mann, som interesserte seg for kultur, teologi og vitskap i samtida. Han grunnla Det Kongelige Bibliotek, med bøker frå si eiga og fleire oppkjøpte boksamlingar, rundt 1648.[6] Han etablerte òg eit kongeleg kunstkammer, med skattar samla inn frå riket, gitt i gåver frå andre fyrstar i Europa, og kjøpt inn i Sør-Europa.
I februar 1670 døydde Fredrik III av lungebetennelse. Han blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Han blei etterfølgt av sonen Kristian V.
Born
[endre | endre wikiteksten]- Med dronning Sophie Amalie:
- Kristian, f. 1646
- Anne Sofie av Danmark, f. 1647
- Frederikke Amalie av Danmark f. 1649
- Vilhelmine Ernestine f. 1650
- Frederik, 1651–1652.
- Jørgen (George), f. 1653, gift med dronning Anne av Storbritannia[7]
- Ulrika Eleonora av Danmark f. 1656, svensk dronning, gift med Karl XI av Sverige, mor til Karl XII av Sverige og Ulrika Eleonora d.y[8]
- Dorthea Juliane 1657–1658
- Med Margarete Pape: Ulrik Frederik Gyldenløve, f. 1638
Titlar
[endre | endre wikiteksten]Af Guds Nåde Konge af Danmark og Norge, de Venders og Gothers, Hertug udi Slesvig, Holsten, Stormarn og Ditmarsken, Greve udi Oldenburg og Delmenhorst.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Frederik 3 frå Norsk biografisk leksikon
- ↑ Frederik 3.s hylling frå Dokumentene forteller/Riksarkivet
- ↑ Frederik III frå Dansk biografisk leksikon
- ↑ 4,0 4,1 Frederik 3.s håndfæstning 1648 frå Danmarkshistorien/Aarhus Universitet
- ↑ Arvehyllingen i Kristiania 1661 Arkivert 2014-04-26 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
- ↑ Hovedpunkter af mere end 500 års historie fra Det Kongelige Bibliotek
- ↑ Jørgen/Georg frå Dansk biografisk leksikon
- ↑ Ulrika Eleonora den eldre frå Nordisk Familjebok
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Da eneveldet kom til Norge Arkivert 2013-01-15 ved Wayback Machine. - nettutstilling frå Arkivverket